»LIMONOW«


von
Emmanuel Carrère



Die unautorisierte Webseite zum Buch.
Von den Machern von Limonow.de

zurück

Eventyr og brotsverk

Margunn Vikingstad

Portrettet av den russiske forfattaren og politiske aktivisten Eduard Limonov er ei engasjerande historie om eit eventyrleg og skrekkeleg Europa.

Emmanuel Carréres portrett av den russiske forfattaren Eduard Limonov viser frem eit intenst liv fylt av kontrastar.

Etter at den russiske journalisten Anna Politkovskaja blir drepen i 2006, dekker den franske forfattaren tragedia. Han kjem i kontakt med kretsen rundt Politkovskaja og skjøner at Limonov i miljøet av politiske aktivistar no blir sett på som ein helt.

Carrére kjende den russiske forfattaren og opprøraren frå Paris på 1980-talet, men bildet av han blei sverta etter at Limonov i kjølvatnet av kommunismens fall reiste til Serbia for å kjempe på serbisk side. I eit intervju i The Paris Review skildrar Carrére revideringa av bildet av ein fascistisk Limonov slik: «det var som om Bernard-Henri Lévy og Bernard Kouchner plutseleg sa, Marine le Pen, ho er jo verkeleg bra no.»


Ikkje-fiksjon. I 2007 reiser Carrére for å møte Eduard Limonov i Russland. Limonov har vore plassert i ein arbeidsleir ved Volga i tre år og kan sjå tilbake på følgjande liv: kriminell bølle i Ukraina, idol for Sovjetunionens undergrunnsmiljø, uteliggar og så hovmeister på Manhattan, berykta og berømt forfattar i Paris, soldat på Balkan og ven med Karadzic og Arkan, og til slutt, etter at kommunismen har krakelert, altså karismatisk leiar for villstyringar i Det nasjonal-bolsjevikiske parti.

Carréres romangrep om Limonov, eit grep han har utvikla gjennom fleire liknande biografiprosjekt, er å skrive ikkje-fiktive romanar. I Doktor Romand, som kom på norsk i 2002, skildrar han livet til Jean-Claude Romand, ein mann som i atten år gav seg ut for å jobbe som lege i WHO, og som då løgna var i ferd med å bli avslørt, drap kone, barn og sine eigne foreldre. Carrére brevvekslar med Romand og møter han i fengselet. Først då Carrére bestemmer seg for å skrive boka med ein førsteperson-forteljar, klarer han å begynne på det vanskelege bokprosjektet.


Krigsreportar og essayist. Trass den journalistiske tilnærminga er bøkene til Carrére romanar i den meininga at han brukar alle moglege litterære verkemiddel for å halde på lesaren, han legg opp til å skape medkjensle, frykt, spenning, identifikasjon.

I Kjell Olaf Jensens bokmål, som til tider er konservativt, men i fin takt og tone med originalen, kjem og Carréres litt tørre, og lett overberande, humor fram. Det særeigne og engasjerande ved hans litteratur er korleis han tar lesaren med i den prosessen det er å skrive om desse liva, alt det som fråstøyter, og som på same tid fascinerer, trongen til å distansere seg og på same tid kome tett på for verkeleg å forstå.

Forfattaren bruker i tillegg det ein nesten kan kalle skriftemålet, ei førstepersonsrapportering i fin kryssing mellom krigsreportar og essayist, som forteljeperspektiv. Slik opnar til dømes Doktor Romand: «Lørdag morgen den 9. januar 1993, samtidig med at Jean-Claude Romand drepte sin kone og sine barn, var familien min og jeg i møte på skolen til vår eldste sønn, Gabriel. Han var fem år gammel, på alder med Antoine Romand. Etterpå var vi hos foreldrene mine til lunsj. Romand var hos sine, og etter måltidet drepte han dem.»

I intervjuet i The Paris Review blir Carrére spurt om kvifor han bruker eg-forteljing i det han sjølv karakteriserer som ikkje-fiktive romanar. Han svarer at skriftemål truleg er den eldste drifta som har fått eit menneske til å skrive, anten det handlar om det ein sjølv har opplevd eller om det ein har vore vitne til.

Interessant nok kallar franskmennene sjølvbiografi for sjølvfiksjon (autofiction), og Carréres ikkje-fiktive prosjekt ber preg av ei tru på at det er mogleg å skjøne eit anna liv gjennom sitt eige: at du aldri kan setje deg heilt inn i ein annan, men at du kan bruke ditt eige liv i forsøket på å førestelle deg eit anna. Det er gjennom sin eigen fiksjon om seg sjølv, at Carrére formar dei ikkje-fiktive bøkene sine.


Kor er alle heltane? I Limonov legg mellom anna Carréres russiske familiehistorie og hans eigne fadeser og fall seg inntil Limonovs famøse liv. «Det har vært perioder under skrivingen av denne boken da jeg har avskydd Limonov, og da jeg har vært redd for å bli ført på villspor mens jeg har skildret hans liv», skriv forfattaren. Uroa ser ut til å vere knytt til at Limonov på nytt skal ende meir som skurk enn helt.

Men der Carrére opnar med ei samansett og utfordrande kopling mellom Limonov og le Pen, endar han med eit litt for tydeleg ønske om å harmonisere og nesten frede Limonovs liv. Skal ein tru ei russisk kvinne som underviser i russisk litteratur ved Berkeley, og som blei kjent med Limonov då han budde i USA — noko Carrére hardnakka gjerne vil — var Limonov den einaste skikkelege fyren blant alle dei russiske forfattarane ho kjende, han var ikkje mindre enn eit av dei mest heiderlege menneska ho hadde møtt i sitt liv. Sjølv om Carrére her baserer seg på eit vitne, viser det noko av det samansette, og kanskje og litt naive, ved å hevde at ein skriv ikkje-fiktivt; at nokon eventuelt skulle eige sanninga må i alle fall vere fiksjon.

Forfattarens varme hjarte for Limonov resulterer i litt for mange namnedryss av store og kjende menneske den russiske rabulisten kom i kontakt med. Forfattaren ser elles ut til å ha ei sterk trong til å stadfeste kva strålande fyr denne evig opposisjonelle eigentleg var. Det som likevel gjer Carréres skrift relativt uproblematisk i denne samanhengen er at han ikkje lét som om han har tilgang til Limonovs inste tankar.

Limonov sjølv karakteriserte overfor Carrére livet sitt som eit drittliv. Men gjennom dette eventyrlege drittlivet, særleg i skildringane av rebellens opphald i Moskva på slutten av 1980-talet, og i den serbiske republikken Krajina på byrjinga av 1990-talet og til slutt i straffeanstaltane Lefortovo og Saratovo, skaper Emmanuel Carrére ei usedvanleg engasjerande historie om eit vilt Europa i kjølvatnet av Sovjetunionens fall.


«Morgenbladet», №4, 24.-30. januar 2014

Eduard Limonow

Original:

Margunn Vikingstad

Eventyr og brotsverk

// «Morgenbladet» (no),
24.-30. januar 2014